Plantefiber

plantefiber_voeltplantefiber
I haust har eg drive eit eksperiment med ulike typar fiber frå frøhår i handteina. Dette er eit fantastisk spennande arbeid og gir meg dei teksturane eg er på jakt etter til vev og broderi. Eg har sidan studietida jobba mykje med lintekstiler, lingarn og grovare linfiber. Difor er det ekstra spennande å dra dette vidare. I det første arbeidet jobba eg med frøhår frå tistel og blanda dette med ull frå villsau i handteina slik bildet viser. Har også jobba med myrull, geiterams og brennesle. Fleire av desse fibrane er også brukt frå gammalt av til ulike formål og i mangel på til dømes ull og dun. Om du tykjer det høyres spennande ut kan eg love meir stoff om dette utover vinteren.