heklenål

heklenål_voelt
heklenål_voelt
Hekling blir ikkje det same etter eg begynte å lage mine eigne heklenåler. Å lage eigen reiskap har eg stor glede av. Det gir ei ekstra fin oppleving i arbeidet mitt med garn og teknikkar. Eg syns også dette er spennande prosessar i undervisning. Å lære barn å hekle på sjølvspikka nål er meir motiverande. Det gir dobbel glede over å meistre to teknikkar i ei og same oppgåve, og det gir ekstra mulighet til å forstå alle ledd i ein prosess fram mot ferdig produkt. Det gir begrep om kor lang tid det tek, og mulighet til å formidle historie og forståelse for folk i verda som framleis lever slik. Mange bra saker på ein gong, med andre ord!