Real Living, Australia

Real Living, Australia.
hytte_voelt

Hytte og Vølt på trykk.
Alle foto: Nina Dreyer Hensley og Jim Hensley.
Hytta vår vart solgt for to år sidan, og bildene først vist i norske Elle hausten 2014. Eg hadde eit superfint samarbeid med Kirsten Visdal (stylist) og fotografane Nina Dreyer Hensley og Jim Hensley. Saka kom på trykk i samråd med nye eigarar, som syns dette var stas.  Endringane me gjorde med hytta har vakt interesse, og saka tok av. Det var overraskande og ikkje forventa! Hytta er enkel og endringane er enkle. Kanskje var det akkurat det som traff, at me valgte å behalde framfor å kaste noko ut i ekte Vølt-ånd! Eg velger å sjå det slik, og jubler i hjartet om det inspirerer. Bildene vart vist i norske Elle hausten 2014, engelske Elle  pluss Schøna Hem i Sverige våren 2015, Australske Real living i juni 2015 og sist i tyske Living at Home, november 2015. Her kan du sjå heile saka frå Real living i Australia. Du finn link over bildet.