Oppstadvev av drivved

Oppstadveven er omsider klar for veving, og arbeidet for alvor i gong på vikingevis. Eg er allereie solgt! Alt ved denne vevstolen treff meg i hjartet: Historia, renninga som ein held på plass med stein, lyden av stein som slår mot kvarandre under veving, treverk… Eg har lenge vore fascinert av vikingetid i form av ulike handverk, bruken av primærsnitt i klær og materialbruk. Difor er det ekstra fint å sette dette arbeidet ut i livet. Og eg kjenner på audmjukt vis at eg er ein liten tråd i ei større fortelling.

Oppstadveven er den eldste vevstolen ein kjenner til, truleg 10 000 år gammal. Dei eldste restar av veven er funne i Lille-Asia og i land rundt Middelhavet. I Norge er det funne vevsteinar frå bronsealderen. Mot slutten av middelalderen forsvant denne gamle vevtypen, med unntak av eit par område på vestlandet, der veven vart bruka så seint som på 30-talet. Samar frå Finnmark tok også vare på denne tradisjonen, og har sin eigen variant.
På Osterøy museum utanfor Bergen er det opparbeida eit fagmiljø rundt denne gamle vevetradisjonen. Dei fører vidare arven etter Berta Liarbø, frå dette området, som arbeidde på oppstadvev saman med mor si allereie på 50-talet. Ho var lenge einaste tradisjonsbærar av dette arbeidet. Hennar virke ligg til grunn for at tradisjonen framleis lever. Ho har fått internasjonal heider og kongens fortenestemedalje for arbeidet sitt.

Mitt arbeid starter med denne enkle veven eg har laga av drivved. Ein større vev kjem på plass i løpet av vinteren. Eg gledar meg også til å teste dette ut i barneskulen. Her kan ein få inn mange fine element både i form av handverk, material og vikingetid som tema.

Eg møtte folk frå Osterøy i Bergen i haust, og lærte blant anna om varafell. Dei hadde ein vakker stand under Bolig og interiørmessa i Bergen, der handverk stod i fokus. Der vart denne varafellen presentert. Den vart opprinneleg laga på Island i vikingetida, og eksportert til Norge. På Osterøy museum er denne tradisjonen tatt opp igjen. Det er innslaga med ull frå gammalnorsk spelsau som lagar det fine uttrykket. Eg prøver meg på ein slik fell, men i mindre skala og utan autentisk oppskrift. Elles er tanken min å eksperimentere med ulike naturmaterial og fiber i denne veven på min måte, om eg får det til. Er du interessert blir eg gla om du følger meg på vegen.

oppstavev

oppstadvev_voelt

Tekstkilde: «Oppstadveven», Anna Østerbø Kåstad/Osterøy museum