Om VØLT

IMG_6288-001Vølaren heitte ein arbeidsbåt i den vesle bygda der eg vaks opp. Vølaren var ein arbeidsbåt som drog rundt i fjordane og reparerte ting. Dei folka som arbeidde på Vølaren ”vølte”, som det heitte på min dialekt. Ein måtte ikkje kaste noko når det vart øydelagt. Det kunne vølast eller kome til nytte på annan måte. Dette viste alle dei gamle i bygda godt, fordi dei hadde levd på lite og måtte nytte det dei hadde. Ein mjølsekk kunne utan store vanskar bli ein vakker kjole, ei rot kunne bli til ein stol.
Materialet er der, ein må berre tenkje på alt ein kan bruke det til. Å ”vøle” er å reparere eller lage noko nytt av det som alt finst. Denne lærdommen er det eg har tatt med meg i det eg lagar-eller ”vøler”.
Mi farmor kunne kunsten å «koke suppe på spiker». Ho lærte meg å gå på skattejakt og å bruke det ein finn til å lage noko nytt. Møbler, klede, bilder og skulpturar vart til av skrotet ho fann. Ho var også ein dyktig handverkar og inspirerte med spinne, veve og sykunstene sine. Far viste meg det vakre i naturen, gammal plank og rusten spiker. Hans praktiske kunnskap om handverk på gamlemåten er til stor inspirasjon.
Eg ønsker å vere ei motvekt til bruk og kast kultur. Dette er ei sterk drivkraft i arbeidedet mitt.
Vølt vart etablert 2005.

“Vølaren” is the name of a repair ship that used to be docked in the village where I grew up. “Vølaren” moved up and down the fjords repairing things. Its onboard crew were busy with “vøle”, which is a verb in my own dialect. Back in the old days, you were not supposed to discharge things despite malfunctions or destruction. Things could be “vølt” or come in handy one way or the other. The villagers shared that same view because of their simple livelihoods that forced them to utilise everything in possession. An empty sack of flour could easily be transformed into a beautiful dress, and a root could become a chair.
The material is there. You just need to think of possible ways of using it. To “vøle” means to “repair” or to make something new out of already existing things. I have carried this knowledge with me and implement it when I create, or “vøler”. My grandmother taught me to go treasure hunting. She utilized what she found making new things. She transformed junk into furniture, clothes, pictures and sculptures. My father showed me the beauty of nature, old wooden boards and rusty nails. His practical knowledge about traditional handcrafts is a great source of inspiration to me. There is also an environmental aspect of reusing things. I strive to be a counterweight of consumerism. That is a strong force driving me in my work.
Vølt was established in 2005.

Heidi Bjørnsdotter